post@nso.no   +47 90 100 333
– NSO bør ha meir operative tilsyn

– NSO bør ha meir operative tilsyn

Det er konklusjonen og påstanden til Sondre Lekve Bjelle (bildet). Han har vore mastergradsstudent i samfunnssikkerheit ved Universitetet i Tromsø, og leverte våren 2017 ei oppgåve med tittelen «Tilsyn og sikkerheitsstyring – ein case-studie av tre industriverksemder i Troms».

SKREIV OM TILSYN: Mastergradstudent Sondre Lekve Bjelle. Foto: Privat

– Eg visste ikkje noko om industrivern og NSO før eg begynte å jobbe med denne oppgåva. Eg blei tipsa av ein professor om at eg kunne skrive oppgåve i samarbeid med NSO. Eg sendte ein epost til direktør i NSO og fekk ein positiv tilbakemelding som motiverte meg til å finne ei interessant problemstilling, seier Bjelle.

 

Var med på tre tilsyn

Problemstillinga han valde å jobbe med var i kva grad bidrar Næringslivet sikkerhetsorganisasjon til sikkerheitstyring i verksemder gjennom tilsyn med industrivernet.

– For å tileigne meg kunnskap leste eg ein del teori rundt beredskap samt at eg deltok på Industrivernkonferansen i fjor og kurset «Industrivernforskriften». På kursa fekk eg prata med tilsynspersoner frå NSO og representantar i verksemdene. Det var slik eg vart opptatt av dette med tilsyn, som jo er eit viktig verkemiddel for NSO for å kunne bidra til robuste industrivern.

Bjelle var med på tilsyn ved tre verksemder, og intervjua dei tilsette i etterkant om kva dei meinte om tilsynet.

– NSO fører veldig strukturelle tilsyn som har eit stort dokumentfokus, mens industrivern er eit operativt arbeid. Eg var interessert i kva innsikt NSO fekk i det operative arbeidet ved berre å føre dokumenttilsyn.

 

– Tilsyn med øvingar

– Kva konklusjonar trakk du i oppgåva?

– Dei beredskapsplanane eg fekk innsyn i var veldig generelle. Dersom det er ei kritisk hending så må dei operative ta styringa, noko som kan føre til desentraliserte avgjerder. Det synes eg er interessant i kombinasjon med at NSO fokuserer veldig mykje på dokumenttilsyn og veldig lite på det operative arbeidet, seier Bjelle og meiner eit tilsyn med ei industrivernøving kan være ein betre måte for å fange opp nyansane i beredskapsarbeidet til verksemdene.

– Ei øving vil vere nærare ei reell hending, og ein vil få på den måten få betre innsikt i beredskapen enn å lese dokument, meiner Bjelle.

TYPISK TILSYN: Slik kan et vanlig tilsyn foregå. Bildet er tatt under et tidligere tilsyn juridisk fagsjef Inger H. Bye hadde ved virksomheten KIMEK. Foto: Karoline K. Åbyholm

Leave a Reply