Det er relativt sjeldan at det oppstår støveksplosjonar i Norge. Eller, kanskje er det ikkje så sjeldan som vi trur?
– På mine besøk rundt hos verksemdene høyrer eg fleire historier, som at: «Jau, det small her for nokre år sidan», «Eg hugsar at det puffa i naboverksemda» eller «Då eg opna filteret var det som eit kraftig voff inne i kammeret, og varmen sto ut luka».
Det seier senioringeniør ved avdeling for arbeidsmiljø og regelverk i Arbeidstilsynet, Kirsti Solheim.
På Næringslivets sikkerhetsorganisasjons Industrivernkonferanse 2024 i Lillestrøm 3.–4. desember på Thon Hotel Arena kjem ho til å halde eit innlegg om støveksplosjonar.
– Mitt innlegg skal handle om kor og korleis støveksplosjonar kan oppstå. Støveksplosjonar kan verte voldsomme og resultere i både personskade og materielle skadar i tillegg til brann, seier Solheim.
Ho presiserer at heldigvis ser det ut til at det går bra i dei fleste tilfella. Men potensialet er definitivt stort.
– Statistisk sett veit vi at dess fleire små hendingar som oppstår, dess nærmare kjem vi ei større hending. Difor er det viktig at industrivernet har kunnskap om, og er trena på korleis dei skal handsame ein støveksplosjon, seier Solheim.