– Vi kan ikkje styre naturkreftene!

Glimt fra bedriftene, Industrivernkonferansen 1. september 2016 Skrevet av Næringslivets sikkerhetsorganisasjon

Klimasvingningar og ekstremvêr er konkrete truslar mot bedrifter og arbeidsplassar.

Tekst: Harald J. Bergmann/NSO

Produksjonsdirektør Ola Arne Ramstad, J.E.Ekornes AS, fastslår eit faktum som stadig fleire må innsjå. Klimasvingningar og ekstremvêr er konkrete truslar mot bedrifter og arbeidsplassar.

Ekornesfabrikken i Sykkylven er sjølve flaggskipet i norsk møbelindustri. Dei er verdskjende for merkevaren «Stressless» som i årtier har gitt trygge arbeidsplassar i hjørnesteinsbedrifta.

Produksjonsdirektør ved Ekornes, Ola Arne Ramstad.

Elv ved fabrikken

Men naturen rår dei ikkje over. Stormane på Nordvestlandet er i seg sjølv ikkje til å spøke med, og i tillegg har dei elv rett ved fabrikken som ved store nedbørsmengder truar med å renne inn i produksjonslokala. Storm og springflo, eller stormflo som dei kallar det, skjer minst ein gong i året.

– Vi har behov for gode beredskapsplanar og målretta øvelsar for at produksjonen skal kunne gå nokonlunde uforstyrra. Vi har lært oss å leve med villskapen i naturen. Planverket er heilt grunnleggande, og vi må øve industrivernet. Du må ikkje tru at du kan improvisere redning av produksjonsutstyr for fleire titals millionar kroner når vatnet står ein halv meter over golvet.

Alvorlege følgjer

Det er ei handfull bedrifter på Nordvestlandet som i tillegg til klimaet, kjenner på trusselen frå Åkneset, fjellet i Storfjorden som ikkje er så stabilt som dei skulle ønskje. Fjellet er under kontinuerlig overvaking, slik det kom fram i katastrofefilmen Bølgen. Bygda Sykkylven ligg i utkanten av det tenkte katastrofeområdet, men følgjene for Ekornes kan bli alvorlege nok.

Du kan høyre produksjonsdirektør Ola Arne Ramstad på Industrivernkonferansen 2016: «Når naturkreftene er dimensjonerande, uønska hendingar!»

Ekornesfabrikken ligg idyllisk til …
… men det er ikkje lett å lage møbler når det går ei elv gjennom fabrikken.